- Vi er fortsatt i ein anskaffingsprosess. Det gjer at vi av juridiske årsakar ikkje kan gå i dialog med tilbydarane. Vi veit difor fortsatt ikkje kva vurderingar tilbydarane har gjort når dei rekna på kontrakten. Oppsummeringa vår er gjort med grunnlag i det vi kan lese i tilboda og kunnskapen vi har til bransjen, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Oppsummering av evalueringa:

  • Det er ikkje funne direkte feil eller ting som er utelatt i Statens vegvesen sitt kostnadsoverslag.
  • Prisane på dei enkelte delane veg, bru og tunnel varierer sterkt mellom tilbydarane. Innanfor kvart element er det levert prisar som samsvarar med kostnadsoverslaget, men ingen av tilbydarane har alle element på same prisnivå som Statens vegvesen sitt kostnadsoverslag.
  • Kostnadsposten «generelle kostnadar» skil seg ut, her ligg alle prisar over kostnadsoverslaget. Det gjeld kostnadar til rigg, drift og logistikk. Kostnadsoverslag bygger på erfaringsprisar frå tidlegare prosjekt. Det finns ikkje referanseprosjekt med tilsvarande omfang og utfordringar knytt til logistikk og sjøarbeid. Kostnadane knytt til logistikk og sjøarbeid er undervurdert.
  • Kostnadane til tunneldriving og –sikring i tilboda er høgare enn kalkulert. Det finns ikkje prosjekt med tilsvarande høge priser, sjølv ikkje i 2018. Det var difor ikkje føresetnader for å legge så høge priser til grunn for kostnadsoverslaget.
  • Med to-konvoluttsystem må tilbydarane planlegge prosjektet nøye i tilbodsfasen. Beskrivingane til tilbydarane er detaljerte og godt gjennomarbeidd. Det har nok til ein viss grad gitt auka pris no, men dannar samtidig grunnlag for ein meir robust kontrakt med lite endringar.
  • En del av dei beste løysingane vil kunne drive prisen opp. Med stor verdi på vurderinga av meirverdi i gjennomføringsplanane har entreprenørane som legg inn dei beste løysingane meir å gå på i høve til å likevel vinne konkurransen. Det kan auke prisnivået.
  • Ein stor kontrakt gir store konsekvensar for entreprenøren om dei legg inn for låge prisar på store mengder eller noko av det dei ber risikoen for går galt. Det har betydning for prisnivået.
  • Konkurranse på byggetid har ført til at fleire av tilbydarane har levert pris på Lepsøybrua bygd i stål. I kostnadsoverslaget er stålbru vurdert som dyrare enn betongbru. Det har gitt høgare pris enn det som ligg til grunn i kostnadsoverslaget, men samtidig gitt kortare byggetid som er gunstig for finansieringa av prosjektet. 

Ingen store endringar i pris

- Kontrollrekninga av tilboda har berre ført til mindre korreksjonar og ingen endring i rekkefølgene på tilbydarane. Sjølv om det er store variasjonar internt i tilboda vi har fått, så viser gjennomgangen at tilboda vi har fått er kostnaden for å bygge Nordøyvegen i dagens marknad, med dei planane som ligg til grunn, seier prosjektleiar Marianne Nærø.

Notatet som er sendt til Møre og Romsdal fylkeskommune ligg som vedlegg oppe til høgre på denne sida.