Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som er oppdragsgivar for bygginga av Nordøyvegen.

To fasar

Konkurransen blir gjennomført i to fasar, eit såkalla to-konvolutt-system, der tilbydaren med beste forhold mellom pris og kvalitet blir tildelt kontrakten. Den første konvolutten inneheld entreprenøren sine planar for korleis dei vil gjennomføre utbygginga . Desse planane skal gjennom ei grundig vurdering og rangering, før den andre konvolutten med prisane blir opna.

 

Dei fire som har levert tilbod er:

  • Implenia AS
  • Arbeidsfellesskap mellom K.A. Aurstad AS, Metrostav NUF Norge og Toto S.p.A
  • PNC Norge AS 
  • Skanska Norge AS

- Vi er veldig godt nøgd med at fire entreprenørar har levert tilbod på kontrakten. Det er stor konkurranse i anleggsmarknaden i heile landet og mange jobbar for entreprenørane å rekne på. Fire tilbod viser at vi har eit attraktivt prosjekt, seier prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Grundig evaluering

Gruppa som no skal evaluere entreprenørane sine planar for gjennomføring er bredt satt saman av fagfolk med ulik fagbakgrunn både frå Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Konvolutt to blir opna i juni når evalueringa er gjennomført og inneheld pristilbodet. Entreprenørane som har lagt fram plan for gjennomføring som gir ein meirverdi i prosjektet, blir gitt eitt fråtrekk i pristilbodet sitt. Det er denne prisen som blir gjeldande i den endelege vurderinga.

Kontraktsignering i starten av september

Når pristilboda er opna, skal det gjennomførast dokumentasjonskontroll og kontrollrekning. Planen er å innstille entreprenør før fellesferien og signering av kontrakt 7. september 2018. Anleggsstarten blir i oktober.