- Det er ein stor kontrakt. Vi varslar entreprenørane gjennom ei slik kunngjering for at dei som er interesserte i å bygge Nordøyvegen skal kunne førebu seg på utlysinga, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Kontrakten inneheld bygging av:

  • Lepsøybrua, ei 800 meter lang høgbru frå fastlandet, over skipsleia og på sjøfylling inn mot Lauka og Hestøya. Brua blir lyst ut i to hovudalternativ: Betongbru med fritt frambygg, og betongbru med stålkasse i overbygninga.
  • Laukebrua, ei 109 meter lang betongplatebru i tre spenn.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang betongplatebru i sju spenn.
  • Haramsfjordtunnelen, 3500 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 112 meter under havoverflata.
  • En permanent demning med tetting av asfaltkjerne skal bygges for å stenge sjøen ute fra tunnelpåhugget på Hestøya.
  • Nogvafjordtunnelen, 5730 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 135 meter under havoverflata.
  • Fjørtofttunnelen, 3680 meter undersjøisk tunnel. Djupaste punkt 118 meter under havoverflata.
  • Burbergtunnelen, 170 meter lang miljøtunnel på Fjørtofta. Tunnel både i berg og betong.
  • 2735 meter veg på sjøfylling over Lepsøyrevet.
  • 10 000 meter veg i dagen utanom sjøfylling.
  • Trekkerør og førebuingar for elektroarbeid på heile prosjektet.

Når prosjektet blir lyst ut, vil entreprenørane ha tre månader på seg til å rekne på kontrakten. Når Statens vegvesen har opna tilboda, skal dei igjennom ein omfattande kontroll før det blir innstilt ein entreprenør til oppdraget. Planen er at byggearbeida i hovudkontrakten skal starte i september/oktober neste år.

Førehandsvarslinga er gjort i norske Doffin og europeiske TED, som begge er databasar for offentlege innkjøp.

 

Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.