Møre og Romsdal fylkeskommune og Statens vegvesen inviterer alle som ønskjer det til markering av at bygginga av Nordøyvegen startar. Markeringa startar klokka 1300 på Skjeltene.

Program

  • Samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune ønskjer velkommen
  • Leiar av samferdselsutvalet Kristin Sørheim tar fyrste spadetak
  • Leiar av plannemnd for samferdselsutbygging Frank Sve avdukar anleggsskilt

Det blir enkel servering.

Fakta

Nordøyvegen gir fastlandssamband for rundt 2900 menneske på Lepsøya, Haramsøya, Skuløya/Flemsøya og Fjørtofta i Haram kommune og Harøya og Finnøya i Sandøy kommune i Møre og Romsdal. Nordøyane har i dag to ferjesamband og eitt hurtigbåtsamband.

Dei rundt 10 000 innbyggjarane i kommunane Haram og Sandøy blir knytt nærare saman. Både næringsliv og private vil spare transportkostnadar og få eit meir fleksibelt transportsystem.

Prosjektet er det største samferdselsprosjektet Møre og Romsdal fylkeskommune har gjennomført og inneheld:

  • Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, ei 110 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter  lang bru i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
  • Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
  • Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta  til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
  • Burbergtunnelen, ein miljøtunnel på Fjørtofta, 170 meter.
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
  • Ny veg over Fjørtofta.

Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.