Kostnadsanslaget ligg mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner, eks. mva. Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, miljøtunnel og veg i dagen.

God informasjon

- Markedet er vurdert som den største usikkerheita i kostnadsanslaget. Eitt tiltak for å redusere usikkerheit er god og nøyaktig informasjon. For å nå flest mogleg, vel vi å reise dit dei fleste store entreprenørane har representantar, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Arbeidet med dei fire førebuande kontraktane er no i gang. Prosjektleiaren seier at dei førebuande arbeida er ein fordel for entreprenøren som kjem inn på hovudkontrakten.

- Dei førebuande kontraktane inneheld bygging av forkskjeringane, som er ei av usikkerheitene i eit tunnelprosjekt. Når vi har dei i eigne kontraktar, reduserer vi også usikkerheita i hovudkontrakten, seier Marianne Nærø.

Ut på konkurranse i januar

Statens vegvesen har allereie førehandsvarsla utlysinga av kontrakten i norske Doffin og europeiske TED, som begge er portalar for offentlege anskaffingar. Kontrakten blir lyst ut 26. januar 2018, med frist for å levere tilbod om lag tre månader seinare. Byggestarten er planlagt til hausten neste år.

Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune