Starten på reguleringsplanarbeidet for eit permanent massedeponi på Fjørtofta blei varsla i september 2017. Fylkesmannen i Møre og Romsdal varsla motsegn mot planen av omsyn til hubroen på Fjørtofta.

Fylkesmannen vurderer permanent deponi og masseuttak over ein lengre tidsperiode som ei vesentlig negativ endring av dei miljømessige forholda i hubroen sitt leveområde, og at eit slik deponi vil auke den samla belastninga på hubroen på Fjørtofta.

Statens vegvesen har difor avslutta planarbeidet for permanent deponi på Fjørtofta. Når det er valt entreprenør på hovudkontrakten, vil driftsopplegget med tidspunkt og mengde masse som er planlagt tatt ut på Fjørtofta og være klart. Det blir da arbeidd vidare med andre løysningar for deponi eller avhending av stein.