Kontrakten inneheld bygging av tre undersjøiske tunnelar, tre bruer, ein miljøtunnel og vegbygging mellom Harøya og Skjeltene i Sandøy og Haram kommune.

- Statens vegvesen har gjort ein god og omfattande jobb mot entreprenørbransjen både lokalt og nasjonalt. Det har vore god konkurranse om oppdraget og prisane vi har fått inn viser kva kontrakten er verdt i marknaden pr. i dag, seier samferdselssjef Arild Fuglseth i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Tilboda 

Entreprenør

Pristilbod   eks. mva

Konkurransesum   eks. mva

Implenia Norge AS

2 905 652 400,03

2 620 652 400,03

Aurstad/Metrostav/Toto

3 053 090 614,00

2 888 090 614,00

PNC

2 787 527 549,85

2 587 527 549,85

Skanska Norge AS

3 019 984 886,00

2 504 984 886,00

Pristilbod og konkurransesum

Statens vegvesen og Møre og Romsdal fylkeskommune skal kontrollrekne tilboda og gå igjennom all dokumentasjon før det blir avgjort kva entreprenør som får oppdraget.

Det er konkurransesummen som avgjer kven som har levert det beste tilbodet. Konkurransesummen er pristilbodet minus eit fråtrekk som tilbydarane har fått, ut frå kor stor meirverdi gjennomføringsplanane deira gir prosjektet. Ei bredt samansett evalueringsgruppe frå fylkeskommunen og vegvesenet har saman brukt tre veker på vurdering av meirverdien. I tillegg har vi opsjon på kortare byggetid, dersom nokon tilbyr dette vil det bli gitt ein ytterligare meirverdi

Konkurransesummen er ein fiktiv sum som blir brukt til samanlikning av tilboda. Kontrakten blir skriven på pristilbodet frå entreprenøren som har levert tilbodet med den beste konkurransesummen.

Signering i september

- Vi planlegg tildeling av kontrakten før fellesferien og signering av kontrakten 7. september, etter at fylkestinget har behandla saka, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Når kontrakten er underskriven, startar ei samhandlingsperiode mellom entreprenøren og Statens vegvesen. Anleggsarbeida vil starte i månadsskiftet september/oktober.

Statens vegvesen bygger Nordøyvegen på oppdrag frå Møre og Romsdal fylkeskommune.