Bakgrunnen for valet er mellom anna at ein entreprenør da får hand over all bygginga på prosjektet.

Optimal drift

- Det gjer at entreprenøren som får kontrakten kan optimalisere drifta og drive meir rasjonelt enn om det hadde vorte to ulike entreprenørar. No får vi også alle tre tunnelane i same kontrakt og entreprenøren kan drive vekseldrift ut frå kva dei vurderer som mest effektivt, fortel prosjektleiar Marianne Nærø i Statens vegvesen.

Betre logistikk

Ein kontrakt gir også mindre utfordringar med logistikken på Fjørtofta, der grensa mellom kontraktane opphavelig var tenkt. Entreprenøren kan planlegge bruken av ferja og treng mindre areal til mellom anna riggområde på øya enn om to entreprenørar konkurrerte om kapasitet og plass.

Hovudkontrakten på Nordøyvegen inneheld bygging av:

  • Lepsøybrua, 800 meter lang høgbru frå Skjeltene på fastlandet over skipsleia til sjøfylling mot Lauka og Hestøya.
  • Laukebrua, ei 109 meter lang bru som ligg rett søraust for Lauka og Lisjelauka.
  • Hamnaskjersundbrua, ei 200 meter lang bru som ligg i Hamnaskjersundet.
  • Haramsfjordtunnelen frå Hestøya til Austnes, 3500 meter.
  • Nogvafjordtunnelen, frå Longva på Flemsøya til Fjørtofta, 5730 meter.
  • Fjørtoftfjordtunnelen, frå Fjørtofta  til Myklebust på Harøya, 3680 meter.
  • Burbergtunnelen, miljøtunnel på Fjørtofta 170 meter.
  • Veg på sjøfylling over Lepsøyrevet, totalt 2735 meter.
  • 3100 meter ny veg over Fjørtofta.

Fire kontaktar på førebuande arbeid vart lyst ut i juni og fristen for å levere tilbod er i slutten av august og byrjinga av september. I tillegg vil elektroarbeidet på prosjektet bli lyst ut i ein eigen kontrakt.

Kostnadsanslaget på den nye hovudkontrakten for Nordøyvegen er to milliardar kroner, eks. mva. Kostnadsanslag for byggjeklare prosjekt har ei usikkerheit på 10 prosent. Det betyr at Statens vegvesen har vurdert kontrakten til å ligge mellom 1,8 og 2,2 milliardar kroner, eks. mva.