Steinen vil i hovudsak bli tatt ut i perioden 2019-2020, og kan tas ut på Harøysida av tunnelen.

- Det blir overskot av steinmasser, i størrelsesorden mellom 100.000 og 200.000 m3. Eti av kriteria for val av mottakarar er at steinmassane skal brukast til allmennyttige formål, fortel prosjektleiar Marianne Nærø.

Statens vegvesen ønsker å gå i dialog med ein eller fleire aktørar, og i første omgang inngå intensjonsavtalar. Ein intensjonsavtale er ein avtale der det uttrykkas einigheit om å forhandle om ein endeleg avtale. Eit av føresetnadane er at økonomien er på plass hos mottakarane, samt at begge partar har ein avklart plansituasjon for å gjennomføre tiltaka.

Nordøyvegprosjektet tek sikte på å starte opp hausten 2017, under føresetnad av at Stortinget godkjenn innkrevjinga av bompengar før sommarferien.