Viktige avklaringar som må på plass er kva for side av fylkesvegen gang- og sykkelvegen bør ligge og korleis ein skal krysse Vindøla. Det er svært trangt forbi Røv Mølle og ved Røv bru, og det er usikkert kva for løysingar som lar seg gjere. Planarbeidet har også som mål å utforme kryssområdet vest for Vindøla på ein betre måte enn i dag. Arbeidet med reguleringsplanen må skje i nært samarbeid med Surnadal kommune og dei som bur i området.