Fylkesveg 5722 skal skredsikrast ved å bygge ein knapt 4 km lang tunnel mellom Veslebygda og Flo. Reguleringsplanen vart vedteken av kommunestyret i Stryn  desember 2017. Sogn og Fjordane fylkeskommune ga startløyving til byggearbeidet i budsjettet for 2018. Anleggsarbeidet starta i mai 2019. Tunnelen skal stå ferdig sommaren 2022.

Fv. 722 Floavegen, skredsikringPlanområdet sett frå Veslebygda mot Flo. (Foto: Eli Mundhjeld)