Både store og små hadde tatt turen til Lussand for å vere med på opninga av Bjørgatunellen. Hordaland Fylkeskommune og Statens vegvesen hadde invitert til god underhaldning, talar og servering for å markere opninga.

Arbeidet med Bjørgatunellen blei starta for to år sidan og er ein viktig del av skredsikringsarbeidet på fylkesveg 7 i Granvin. Tunellen er 1,6 kilometer lang med betongportalar i begge endar. Tunellen har også fått moderne utstyr knytt til trafikktryggleik og kommunikasjon. Totalt har arbeidet med tunellen og vegen kosta om lag 280 millionar kroner.

Les meir om opning på Hordaland fylkeskommune her

Fortsett arbeid med vegen – vær forberedt på vegstenging

Med Bjørgatunellen ferdig er det hovudsakleg arbeid med gamlevegen på Lussandsida som står igjen. Her skal den gamle fylkesvegen senkast slik at den blir tilpassa den nye vegen og tunellen. Det gjer at vegen må helde stengd ein periode medan vegen blir asfaltert. Bebuarar i Lussand må difor køyre gamlevegen gjennom Lussandberget til Beggevik på Granvinsida av tunellen for å komme inn på hovudvegen.

Det er ikkje bare arbeid med vegen som står igjen, også arbeid med å tilpasse terrenget rundt tunnelen og den nye vegen skal i gang. Arbeidet inneber å leggje dreneringsleidning heilt ut til sjøen, planere terrenget og sette opp skilt og rekkverk. I tillegg skal ein tømme det midlertidige steindeponiet i Beggevik for massar. Heilt til slutt skal ein gjere ein generell ryddejobb på av heile anleggsområdet.

Arbeidet skal vere ferdig desember 2017.