Kart som viser alternativ som går vidare. Illustrasjon: Statens vegvesenKart som viser alternativ som går vidare. Illustrasjon: Statens vegvesen

Planen omfattar strekninga mellom Frøland i Samnanger og Steinsdalen i Kvam. Dagens veg gjennom Tokagjelet er svært skredutsett og det skal byggjast ny veg i tunnel for å løyse dette. Planprogrammet legg til grunn at når ny veg er opna blir eksisterande veg ned Tokagjelet stengt for biltrafikk.

Vedtak med tillegg

Kvam herad gjorde vedtak i HST - 068/18 med fylgjande tillegg:
«Kvam heradsstyre vedtek planprogram i medhald av plan- og bygningslova § 11-13, jf § 4-1 for kommunedelplan Fv-7 Tokagjelet (JID 18/17885), med følgjande tillegg: Planprogrammet må ha med ei utgreiing på korleis eit kort tunnelalternativ kan forlengast i ein fase 2, og ikkje vera til hinder for ei slik framtidig løysing. I tillegg legg Kvam heradsstyre ved ein merknad: Dersom ny vegløysing i hovudsak vert eit rassikringsprosjekt, bør prosjektet løysast innanfor rammene for fylkesvegmidlar og statlege rassikringsmidlar.»

Samnanger kommune fatta vedtak i sak KS - 048/2018:
«Samnanger kommune vedtek planprogram i medhald av plan- og bygningslova § 11-13, jf § 4-1 for kommunedelplan Fv-7 Tokagjelet»