Førebels grense for planen er vist med stipla strek på kartet nedanfor. 

Planavgrensning-oppstartvarsel-plan-1149-5093Kart: Statens vegvesen

Formålet med planarbeidet er å betra vegkrysset slik at køyrefarten i området vert redusert slik at krysset vert sikrare for alle trafikantgrupper. Karmøy kommune har konkludert med at det ikkje er naudsynt med konsekvensutgreiing i saka då gjennomføringa av planen ikkje vil få vesentlege negative verknader for miljø og samfunn. Dei grunneigarar som har eigedomar innafor førebels plangrense vil verta varsla om dette planarbeidet i eige brev.

Merknader og spørsmål

Nærare informasjon om planarbeidet kan ein få hos Statens vegvesen ved prosjektleiar Harald Abrahamsen, tlf. 51 91 14 15 / 954 37 725, e-post harald.abrahamsen@vegvesen.no

Eventuelle merknader, opplysningar eller innspel knytt til det varsla planarbeidet kan sendast til:

Frist for å koma med merknader i saka er satt til 7. august 2017.

Saksgang

Det vil ikkje verta send svar på merknadene, men dei vil verta kommenterte og sende vidare til Karmøy kommune saman med ferdig planforslag til handsaming.

Etter at Karmøy kommune har handsama saka fyrste gong vil forslag til plan verta lagt ut til offentleg høyring og send på høyring slik at mellom andre grunneigarar kan koma med merknader til sjølve planforslaget. Etter slik handsaming vil saken verta lagt fram for kommunestyret i Karmøy for endeleg handsaming.