I Autoreg kan forhandlar mellom anna sende salsmelding, betale avgifter og fullføre omregistrering utan å møte opp på trafikkstasjonen. Forhandlaren får eit eige lager av kjennemerke, og kan sjølv oppbevare kjennemerke til brukte køyretøy.

Frå 24. oktober kan kunden stadfeste salsmeldinga på nett ved innlogging på Di side, og salsmeldingsprosessen kan gjennomførast utan at kunden må møte opp hos forhandlar for å fullføre prosessen.

Kva må til for å bruke Autoreg?

For å ta i bruk Autoreg må:

  • firmaet vere registrert i Brønnøysundregisteret
  • det inngåast ein avtale med Statens vegvesen
  • COC meldast elektronisk til Statens vegvesen, eller køyretøyet må vere enkeltgodkjent ved ein trafikkstasjon
  • forhandlar ha kreditt på eingongsavgift ved førstegongsregistrering av avgiftspliktige køyretøy

I tillegg krev omregistrering av køyretøy at ein inngår ei løysing for betaling av omregistreringsavgift og eventuelt skyldig årsavgift/vektårsavgift. 

Frå våren 2018 er det ikkje lenger mogleg for forhandlarar å levere salsmelding på papir, ta derfor i bruk Autoreg allereie no.

Korleis få tilgang til Autoreg?

Ta kontakt med Trafikant- og kjøretøytjenester. Du vil få tilsend eit søknadsskjema som må fyllast ut og returnerast.

Behandlingstida er inntil tre veker.