Flenjatunnelen er vel 5 km lang og vart opna for trafikk i 1985. Fredag 14. august startar oppgraderingsarbeidet som er planlagt ferdig innan 1. april neste år.

Ulemper for trafikantane

Registreningar som er gjort, viser at det er minst trafikk på E16 gjennom Flenjatunnelen om kvelden og natta. Statens vegvesen har difor lagt opp til at det meste av arbeidet i tunnelen skal gå føre seg da, slik at det skal bli minst mogleg ulemper for trafikantane.

Frå slutten av denne veka vil det bli kolonnekøyring gjennom tunnelen i tidsrommet 21.00 – 23.00, 02.00 - 02.30 og  05.00 – 05.30 . Mellom 07.30 og 21.00 er tunnelen open for trafikk. Utanom desse tidene er tunnelen stengd.
Desse rutinane for kolonnekøyring og stenging vil halde fram kvar kveld og natt så lenge arbeidet i tunnelen går føre seg. Om det vert endringar vil dette bli annonsert.

Varsel om stenging

Statens vegvesen har lystavlar på Hønefoss og Trengereid der det vil bli opplyst om tidvis stenging og kolonnekøyring i Flenjatunnelen. I Lærdal og på Voss vil det bli sett opp skilt med opplysningar om arbeid i tunnelen, og i Flåm og Gudvangen vil det kome opp tavler som fortel når tunnelen er stengt.

Informasjonsmøte

Tysdag 11. august kl. 18.00 vil Statens vegvesen halde eit informasjonsmøte om arbeidet i Flenjatunnelen. Møtet finn stad på Flåmsbrygga/Furukroa. Alle er velkommen til denne orienteringa.

Naudsynt arbeid

-  Ei oppgradering på ventilasjon, lys, naudsamband og dekningsnett for mobil og radio skal på plass, seier byggjeleiar Kolbjørn Nord i Statens vegvesen. – I tillegg skal vi sikre mot vatn og frost med PE-skum. For å gjere skummet brannsikkert dekker vi det med sprutbetong. Kolbjørn Nord seier og at det vil bli bygd 13 havarinisjar i tunnelen, slik at det er mogleg å køyre ut av vegbana om det skulle oppstå uventa situasjonar.