Tidlegare er strekninga utbetra frå Kyrkjebygda til Steane. Vegen frå Treungen til Kyrkjebygda består av tre parsellar på til saman nær 18 kilometer.  På parsellen frå Stråndrak til Nes er den nye vegen alt ferdig regulert, no er det dei to andre strekningane på kvar side av denne som skal regulerast.

Dagens rv. 41 har mange svingar og generelt smal vegbreidd som reduserer framkomst for alle trafikantar. Dagens årsdøgnstrafikk (ÅDT) er 650 og blir auka forventa til 800 etter 20 år. Frå Steane til Vrådal er trafikken noko høgare, ÅDT er i dag omlag 1000 og blir forventa å auke til 1200 etter 20 år.

Vegen ligg i eit kupert og utfordrande terreng der dagens veg i stor grad følgjer Nisser med vatnet på den eine sida og bratt fjell på den andre sida. Landskapet gjer det derfor naturleg å leggje den nye vegen i stor grad i dagens trasé, men samtidig vurdere alternative linjer.