Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Folk har budd i Nissedal i nærmare 10 000 år, men ikkje nær riksveg. 41.

I samband med at riksveg 41 skal utbetrast, har Telemark fylkeskommunen titta ned i bakken for å sjå om det finst spor etter nissedølar frå tidligere tider.     Det gjer det, men ikkje dei eldste.

Ikkje  gamle funn

- Vi har registrert overflata langs heile beltet som skal regulerast og grave sjakter i delar av det, utan at vi har funne kulturminne som er frå før reformasjonen i 1537, fortel arkeolog Frode Svendsen i Telemark fylke. Sånn er det for arkeologane, tolmodet blir stadig sett på prøve. Når nye vegar blir planlagde eller for eksempel eit nytt bustadområde skal etablerast, så kjem arkeologane.  Dei lagar små og store kikkhol ned i bakken, for å sjå om forfedre våre la igjen spor etter seg.

Langt frå kysten

- Dette området vi har grave i no, er ganske smalt. Vi fann ingenting verken frå mellomalderen, jarnalderen eller eldre. Funn frå steinalderen har blitt funne her oppe før, men i området vi har undersøkt no har vi ikkje aktivt lett etter så gamle funn fordi potensialet er så lite i planområdet. Nisser speglar seg  246 meter over havet. Arkeologane låner litt av vitskapen til geologane før dei undersøkjer. Då isen trekte seg tilbake og siste istid smelta bort, blei kysten av Noreg <UKJENT:blottlagt>. I Bamble er det gjort funn etter menneske heilt opp til det som i dag er 112 meter  høgde. Årsaka til det er at landet hevt seg millimeter for millimeter etter at den tyngjande isen blei borte.  10-11 000 år før oss, gjekk forfedrene våre i strandkanten der  det i dag er ein liten klatretur opp til.

Reformasjonen

Slik er det ikkje i Nissedal. Fordi overflata til Nisser ligg meir enn hundre meter over den tidlege kyststripa, har ikkje havet nått så langt inn. Isen låg også lengre her enn ute ved kysten. Nissedølane fann fyrst den vakre dalen ei tid etter at kysten var erobra. - Kva vi leiter etter, er gjenstandar som automatiske blir freda, og det gjer alle funn som blir daterte før Reformasjonen i 1537. Ofte når det øvste laget med matjord blir skava av, dukkar det opp spor etter ei  gamal tid. Det er her gravemaskina kjem inn i biletet. Du har ganske visst sett dei karakteristiske rektangulære sjaktene på jorde, anten her langs Nisser eller andre stader.  Langs beltet som no blir regulert, fann ikkje arkeologen noko. Gjenstandar blir gjerne også øydelagde når moderne plogar pløyer dei ned i fortida. Nokre stader når aldri plogen ned, og akkurat her kan det skjule seg arkeologiske skattar.

 Historia

Denne gongen ble det ikkje gjort funn av aktualitet, undersøkingane har likevel lagt til litt kunnskap om Nissedals historie. Slik blir enda ein ørliten del av historia til, fortida blir bringa opp i dagen og blir foreviga i rapportar og bøker. Analysane i Nissedal resulterte ikkje denne gongen i overskrifter med feite typar, snarare berre nok til somme undersetningar.

Telemark fylkeskommune har søkt etter kulturminne langs riksveg 41. Foto: Frode Svendsen
Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark