Forslaget til reguleringsplan vil liggje ute fram til 15. januar neste år. Planane kan du laste ned under her, eller du kan gjeste anten kommunehuset i Nissedal eller Statens vegvesen sitt kontor i Skien for å sjå planane fysisk.
Onsdag 4. desember kan du kome og snakke med oss på kommunehuset i Treungen.  Mellom klokka 13 og 17 vil vi vere til stades saman med kommunen sine folk.
Kom gjerne med innspel, dei må vi ha skriftlege innan 15. januar 2020. Adressa du kan bruke finn du i annonsen her på sida.