Prosjektet omfattar bygging av ca. 600 meter ny gang- og sykkelveg inkludert ny bru over Brynagjelet. Gjennomføring av tiltaket skal gje ein samanhengande gang- og sykkelveg langs rikseveg 13 frå Palmafossen til Tvildemoen. Planarbeidet skal også sjå på tenleg samankopling av gang- og sykkelvegtrasé frå Brynagjelet mot sentrum, via rv. 13 Hardangervegen. Det skal i tillegg vurderast eigna areal til bruk som riggområde innanfor planområdet.