Prosjektet omfattar bygging av ca. 600 meter ny gang- og sykkelveg inkludert ny bru over Brynagjelet. Gjennomføring av tiltaket skal gje ein samanhengande gang- og sykkelveg langs rv. 13 frå Palmafossen til Tvildemoen. Planarbeidet skal også sjå på tenleg samankopling av gang- og sykkelvegtrasé frå Brynagjelet mot sentrum, via rv. 13 Hardangervegen. Det skal i tillegg vurderast eigna areal til bruk som riggområde innanfor planområdet.

Vegvesenet har i samråd med Voss kommune kome fram til at prosjektet ikkje utløyser krav til konsekvensutgreiing.

Oppstartsmeldinga er også tilgjengeleg på Servicetorget i Tinghuset på Voss og på nettsidene til Voss kommune under kunngjeringar, https://www.voss.kommune.no/aktuelt-og-kunngjeringar/kunngjeringar/ 

Innspel

Merknadsfrist er sett til onsdag 7. november 2018. Eventuelle merknader eller opplysingar som bør leggjast til grunn for planlegginga, skal vera skriftlege og sendast til:

Ved spørsmål, ring sentralbord 22 07 30 00.

Ope møte

Det vert invitert til ope møte hjå Statens vegvesen, Flyplassvegen 8 på Voss onsdag den 24. oktober 2018 kl. 1800.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blir utarbeidd i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-3 og 3-7.