Statens vegvesen skal lage ny bru over Suldalslågen på riksveg 13 ved Førland. Vidare vil også delar av vegen før og etter brua bli oppgradert. Den eksisterande brua skal vere i bruk under heile byggeperioden, og fram til ny bru er klar.

Gjennom planarbeidet ønskjer me å leggje betre til rette for kollektivbrukarar på staden, og mjuke trafikantar skal sikrast over brua. Me skal fortsatt ivareta moglegheitene for fisking i området ved brua, samt sikre eller betre forholda for landskap og natur.


Sjå detaljert planområde (ArcGIS)