Førland bru over Suldalslågen på riksveg 13 er overmoden for utskifting og toler ikkje dagens tungtrafikk. Eit resultat av dette er at brua i dag berre har eit køyrefelt for å minske belastinga.

Ny bru skal tole normal tungtrafikk i begge retningar. Den skal byggast mens det framleis går trafikk over eksisterande bru. Det blir derfor nødvendig med tilpassing av veglinjer på kvar side av brua, og tilpassing av kryss mot Gullingvegen, og Førlandvegen. Mjuke trafikantar skal kunne krysse brua sikkert, og me skal betre tilrettelegginga for kollektivbrukarar.

Sjå detaljert planområde (ArcGIS)

Ope møte

Eit ope informasjonsmøte blir arrangert 17. januar 2019 kl. 19.00. Møtelokalet er «Klekkeriet», med adresse Suldalsvegen 881, som ligg rett nord for brua. 

Aktuelt regelverk

Varselet om oppstart er i samsvar med plan- og bygningsloven § 12-8.

Planforslaget vil bli utarbeidd som ein detaljregulering etter § 3-7, som betyr at Statens vegvesen handterer planprosessen fram til endeleg vedtak som fattast i kommunen. Statens vegvesen og Suldal kommune har vurdert at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutreiing.

Har du synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar til oss? 

Me ber om at du sender desse skriftleg til oss innan 13.02.2019

Merk sendinga med saksnummer 18/249226

Har du spørsmål?

Ta gjerne kontakt med Elin Dalen-Rasmussen på telefon 928 10 357 eller e-post elin.dalen-rasmussen@vegvesen.no