• Plan R170 Sande fergekai - rv. 13 - Hjelmeland, gnr 62 bnr 20 mfl
  • Plan R171 Nesvik fergekai - rv. 13 - Nesvik, gnr 19 bnr 20, 21 mfl

Kaianlegga på Sande og Nesvik skal byggjast ut med doble fergekaier tilpassa lavutslippsferjer. Planen vil omfatte areal for kaianlegg i sjø og areal på land for oppstilling av køyretøy, avvikling av trafikk, gangforbindelsar, servicefunksjonar og parkering, batteripakke og hydrogenproduksjon/-lagring.

Ein ser føre seg at planen i all hovudsak vil følgje opp dei arealformåla som gjeldande kommuneplan viser.

Det er ei målsetjing at alle fergestrekningar skal elektrifiserast innan 2030. Sambandet Hjelmeland-Nesvik-Skipavik er ikkje egna for fullelektrisk drift og difor skal kaianlegga leggje til rette for både lading og hydrogendrift. Anlegget skal stå ferdig innan 2021. Dagens fergedrift skal førast vidare i heile byggjeperioden.

Dei grunneigarar som har eigedomar innanfor førebels plangrense vil bli varsla om dette planarbeidet i eige brev.

Planforslaga vert utarbeidd som detaljplan utan konsekvensutgreiing, i samsvar med plan- og bygningslova §§ 12-9 og 4-1. Varslingsområda er vist med stipla strek i karta.

Informasjonsmøte

Statens vegvesen vil halde eit ope informasjonsmøte 23.10.2017 

  • kl. 17.00 i kommunestyresalen, Kommunehuset, Vågavegen 116 på Hjelmeland
  • kl. 19.30 i Trivselstova, Jøsnesvegen 231 på Nesvik

Vel møtt til alle interesserte!

Innspel og spørsmål

Vi ber om synspunkt, innspel eller andre relevante opplysningar innan 20.11.2017. Send det skriftleg til firmapost-vest@vegvesen.no.

Har du spørsmål, kan du også kontakte Åsne Nord-Varhaug på telefon 95038932 og e-post asne.nord-varhaug@vegvesen.no.

Denne kunngjeringa er i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8.