Natur og kulturlandskapet i Hardanger er unikt i nasjonal sammenheng. Direktoratet for naturforvaltning og Riksantikvaren vurderer fjordlandskapet i Hardanger som eit av dei høgast verdsette landskapa vi har i Noreg.

I dette landskapet er det sterke ønskjer om å utbetre dagens riksveg. Konsekvensutgreiinga skal sikre at det i den vidare planlegginga av rv. 13 gjennom Ullensvang vert funne løysingar som tek vare på omsynet til natur- og kulturverdiar, samfunn og næringsliv. I konsekvensutgreiinga er det gjort registreringar av natur- og kulturkvalitetar og det er satt verdi på kvalitetane. Det er peika på konfliktar ved utbetring av vegen. Konsekvensutgreiinga kjem med ei tilråding om kva for premissar som bør ligge til grunn for vidare planlegging og utbygging.