-Tunneldrivinga har pågått i rundt 10 månader, og Kruse Smith Entreprenør har hatt jamn og god framdrift inne i fjellet. Gjennomslaget gjekk heilt etter planen, og var ein stor merkedag for veganlegget, seier prosjektleiar Stein Dyngen i Statens vegvesen.

Feira med kake på stuffen

Ordføraren i Vik fekk vere med fram på stuffen saman med skytebasen då siste salva vart tent, og etter eit solid brak kunne ein sjå over til andre sida av tunnelen. Så vart eit stort kakebord sett fram for tunnelarbeidarane. Kruse Smith Entreprenør har stått for tunneldrivinga, medan eit arbeidsfellesskap mellom dei lokale verksemdene Fosse Maskin og Flisram transport har stått for utlasting av massar, som underentreprenør for Vassbakk og Stol.

Første salve på sida mot Gotevik (Vangsnes) gjekk 5. april i fjor, og tunneldrivinga starta frå Vik-sida ein månads tid seinare, den 8. mai. Masse frå tunnelen er mellom anna brukt til vegføremål fleire stader i Vik.

-13-Goteviktunnelen-IMG-3874-2-13-Goteviktunnelen-IMG-3874-2

Deponi for Vikafjellstunnelen

Det er sprengt ut 210.000 m³ fast fjell tilsvarande 350.000 lause kubikk. 190.000 kubikk er lagt opp i deponi i ein sidedal til Vik, for å brukast i samband med den planlagde tunnelen under Vikafjellet.

Anlegget blir bygd på rassikringsmidlar, og kostnadsoverslaget er på 585 millionar kroner. Kontraktsform er totalentreprise inkludert elektroarbeid.
Framover skal det arbeidast med sålereinsk og grøfter, tekniske bygg og portalar. Arbeider i dagen avsluttast i løpet av året. Tunnelen skal få automatisk deteksjon av sykling i tunnel og tillatt sykling i tunnel om vinteren.

-13-Goteviktunnelen-IMG-3881-2-13-Goteviktunnelen-IMG-3881-2