Føremålet med planarbeidet er å legge til rette for deponi av tunnelmassar frå Goteviktunnelen, i Bøadalen. Planområdet er vist med stipla strek.

Deponiområdet i Bøadalen er regulert for overskotsmasse frå Vikafjellstunnelen. No vil det innafor same området også bli regulert til bruk for tunnelmassar frå Goteviktunnelen. Når Goteviktunnelen blir bygd får ein eit stort overskot av tunnelmassar av god kvalitet. Desse massane ønskjer ein å lagre i Bøadalen inntil Vikafjellstunnelen skal byggast. Då vil massane bli brukt til vegbygging i samband med Vikafjellsprosjektet. Massane frå Vikafjellstunnelen er venta å ha dårleg kvalitet og er truleg ikkje brukbare til vegbygging. Ved bygging av Vikafjellsprosjektet vil massane frå Vikafjellstunnelen bli bytta ut med massane frå Goteviktunnelen og lagra i deponiet i Bøadalen.

Strekninga frå Vik til deponiområdet i Bøadalen er ca. 9 km og høgdeskilnaden er ca.500 m. Transport av massar frå Goteviktunnelen vil skje på rv. 13 gjennom gjennom Vik sentrum og opp til Tistel. Frå Tistel til deponiområdet vil transport skje på Kålsetvegen, som også tener som veg til jordbruksområde og skisenteret på Kålsete. Vegen vil bli opprusta for å tola tungtransport. Frå Kålsetvegen om lag 300m nord for skihytta vil det bli bygd ny tilkomstveg til deponiområdet. Det er aktuelt å bruka ein del av skogsvegen «Liavegen» til transport av jordmassar til depot.

Merknader

Dersom de har innspel eller merknader til planarbeidet, ber vi om at dette blir sendt innan 20.mars 2016 til:

Kontakt

Har de spørsmål kan de ta kontakt med Gun-Mari Ødegård på tlf. 97 73 88 44, epost: gun-mari.odegard@vegvesen.no