Vegen mellom Vik og Vangsnes har lenge vore eit smalt og rasutsett parti langs Sognefjorden, og seinast i fjor falt ei større steinblokk ned og reiv med seg fleire meter av vegen. No kan folk som køyrer over Vikafjellet til Sogn sjå fram til betre veg ut mot ferja på Vangsnes, i tillegg til lokale trafikantar som nyttar vegen dagleg.

Kontrektsigneringa gjekk føre seg på Regionvegkontoret på Leikanger, og leiar Tone Oppedal i Styrings- og strategistaben signerte på vegner av regionvegsjefen, saman med avdelingsleiar Ove Rune Varhaug i Kruse Smith Entreprenør AS.

- Me ser fram til å kome i gang med prosjektet, og me startar med skoging no i løpet av november. I mars satser me på at dei første tunnelsalvene skal bli avfyrt, sa Varhaug i Kruse Smith.

Han trakk fram at firmaet har god erfaring frå andre rassikringsprosjekt med tunnel, og dei vil drive den 2,9 km lange tunnelen frå begge endar, ved bruk av same mannskapet som skal veksle fram og tilbake mellom dei to endane.

Vangsnes-Kruse-AwebVangsnes-Kruse-Aweb

Tone Oppedal minte om at Vegvesenet set ein trygg arbeidskvardag i høgsetet, og ho ytra ynskje om at entreprenøren vil ha HMS i tankane kvar dag på anlegget.

- De har jobba for vegvesenet før, så dette kjenner de til. Men det er like vel på sin plass å minne om viktigheita av dette arbeidet, sa Oppedal.

Ser fram til oppstart

Stein Dyngen skal leie prosjektet for Statens vegvesen, og han er innstilt på å skape eit godt samarbeidsklima med entreprenøren.

- Det har vore ein lang tid å vente før me no er kome fram til signering og snart oppstart. Eg ser verkeleg fram til å kome i gang med arbeidet ute i terrenget, seier Dyngen.

Kruse Smith vann totalentreprisen med eit tilbod på 360,4 millionar – rundt 11 millionar lågare enn neste tilbodet som kom inn. Entreprenøren reknar med at 60 til 70 personar vil bli engasjert på anlegget, og 1/3 av arbeidsstokken vil vere på frivakt til ein kvar tid. Kruse Smith treng innkvartering til rundt 24 personar i Vik, og dette vil bli løyst med ein brakkerigg. I tillegg vil dei nytte mykje lokal arbeidskraft frå Vik og omland.

Massetransport

Ei utfordring blir at tunnelmasse skal fraktast gjennom Vik sentrum til deponi, og dette må det leggjast grundige planar for før oppstart på tunnelen.

Direktøren for vegavdelinga, Svenn Egil Finden, var også til stades under signeringa. Han pendlar dagleg på strekninga, og kommenterte spøkefullt:

- Eg vil inspisere anlegget to ganger for dagen, så de vil få grundig oppfølging i anleggsperioden, sa han.