Det er bygd ny gang- og sykkelveg langs E39/riksveg 15 frå Nor bru til Hjelle. Prosjektet vart utført i samarbeid med Eid kommune som oppgraderte VA-anlegg.

Prosjektet omfatta bygging av 1470 meter g/s-veg og utviding av eksisterande hovudveg, 4 busslommar, omarbeiding/flytting av ei busslomme ved Fossebakken, ei gangbru, nytt rekkverk på eksisterande bru, ein rasteplass utan toalett, samleveg i bakkant, samt støytiltak og innløysing av eitt bustadhus.