10 personar møtte for å høyre kva som skal skje når det gjeld byggjing av støytiltak langs E39/rv. 15 gjennom Mogrenda. Prosjektleiar Oddvar Skrede leia møtet, medan Halvor Berulfsen frå konsulentselskapet Asplan Viak informerte om rapporten dei har laga. Både rapporten og presentasjonen frå møtet  kan du laste ned nedanfor. Berulfsen er ekspert på støy og støytiltak, og la fram det Asplan Viak har gjort av utgreiingar og bakgrunn for dei tiltaka som blir sett i verk.

Støytiltak i løpet av  2016

Planlagt framdrift er å gjere individuelle avtalar med grunneigarane om dei støytiltaka som er planlagde. Når det er gjort, kan arbeidet med byggjinga starte. Byggjearbeidet er berekna til å ta om lag 6 månader, og vegvesenet har som mål å gjere ferdig alle støytiltak innan 1. desember 2016.