Grøftegravingsarbeidet starta ved Hjellekrysset, og har gått vidare austover til krysset ved skulen.

Langsmed E39 er det gravd grøft for vatn- og avløpsleidningar, og trekkerøyr for ein framtidig fiberkabel. Når alt som skal ned i grøfta er på plass, vert grøfta fylt att, og gang- og sykkelvegen vert bygd opp og asfaltert.

Ved Hjelle skule må vegen senkast ein god del for å betre krysstilhøva inn på E39/rv.15. Her skal det komme eit skikkeleg busstopp for skulebussane.