- Vi har no 8 km samanhengande gang og sykkelveg opp frå sentrum, og no er det tid for å lage ein kultur i bygda for å nytte gangvegen til fots eller på sykkel i staden for å køyre bil, sa ordførar Alfred Bjørlo i Eid kommune, då han klyppte snora i lag med avdelingsdirektør Svenn Egil Finden i Statens vegvesen.

Lucia på vegopning

Opninga føregjekk på Lucia-dagen utanfor Hjelle skule, og eit luciatog var sjølvsagt eit viktig element i vegopninga. Bjørlo påpeikte at Mogrenda er nest største tettstaden i Eid kommune, og han håpar at betre tilrettelegging med gang- og sykkelveg vil gjere at endå fleire vel å busetje seg på staden.

Anlegget starta våren 2016, og 10-15 mann har vore i arbeid på prosjektet. Hovudentreprenør har vore Aurvoll & Furesund AS, og prosjektet er utført i samarbeid med Eid kommune, mellom anna for å legge ned røyr til nytt VA-anlegg frå Hornindalsvatnet og ned til Hjelle. I tillegg har Sogn og Fjordane Energi og Telenor fått lagt ned sine kablar.

Ny tilkomst

Det vart også bygd ny tilkomst til Hjelle skule med ei rundkøyringsløysing, slik at skulebussane og andre slepp rygging og snuing. Riksvegen er utvida til 7,5 meters breidde, og den kommunale delen av prosjektet har fått slutt på pumping av kloakk ut i Eidselva, noko som nok er bra for laksestammen i elva.

- Arbeidet med prosjektet har gått fint, men ein fuktig sommar har vore ein utfordring for oss. Spesielt arbeidet med gangbrua over Eidselva vart forseinka av høg vasstand i vassdraget, seier prosjektleiar Oddvar Skrede i Statens vegvesen.

Til saman er det fem busslommar på strekninga, inkludert ei ekstra lang med plass til to bussar ved Hjelle skule.