Til vinteren startar arbeidet på E39 /rv. 15 Nor bru - Hjelle, og i videoen nedanfor kan du sjå kva oppgraderingar som skal gjerast for å gjere vegen tryggare og betre for både gåande, syklande og køyrande.

NB! Ei retting som ikkje kom med før videoen var ferdig: Ca 1 min ut i videoen står det: "T.v.: avkøyringar blir oppjustert og nokre vert slått saman". Dette gjeld ikkje berre på venstre (nedsida) av vegen, men også på høgre sida. På høgresida vil det også bli laga ny tilførselsveg til byggjefeltet frå baksida (nordsida).