Eit omfattande rør- og kabelarbeid har gått sidan anleggsarbeidet starta i april i fjor, og eit godt stykke ny gang- og sykkelveg står no ferdig.

- Det har vore eit tidkrevjande arbeid, mange stader har grøftene vore 4,5 meter djupe. Det er lagt ned nye rør for vatn og avløp, og kablar for elektro. Deretter har grøftene blitt fylt att, før ny gang- og sykkelveg er bygd og asfaltert, fortel kontrollingeniør Pål-Anders Rindal.

Ny tilkomstveg til Hjelle skule

Det står berre att nokre hundre meter før det nye anlegget kan koplast på eksisterande røyrleidning og gang- og sykkelveg. Når dette er ferdig startar arbeidet med å ta att heile riksvegstrekninga.

- Heile vegen skal gravast opp etappe for etappe. Gammal masse skal fjernast, og ny frostsikker masse skal på plass. Deretter kjem asfaltering, seier Rindal.

I tillegg  er fleire nye veglenker allereie tatt i bruk, blant anna ny tilkomstveg til Hjelle skule, bak Sølvbergbygget. No kan skulebussar ta inn ved Statens vegvesen sitt prosjektkontor, køyre bakom Sølvbergbygget, sleppe av borna på den nye buss-stoppet ved skulen og køyre ut den andre avkøyrsla. Dermed slepp bussane å snu ved skulen med dei utfordringane det fører med seg.

Ventar på bru-avklaring

Bygging av ny gang- og sykkelvegbru kjem ikkje i gong før Fylkesmannen har handsama klagesaka.

- Vi vonar på ei avklaring dei næraste to vekene slik at vi kan få planlagt framdrifta for denne delen av prosjektet, seier prosjektleiar Oddvar Skrede.

Heile prosjektet E39 Nor bru-Hjelle skal vere ferdig i løpet av desember 2017.