Bakgrunn for val av denne strekninga er eit forprosjekt utarbeida av Statens vegvesen avdeling Sogn og Fjordane til NTP 2018–2029. Ein vurderte i forprosjektet aktuelle punkt og strekningar som er smalare enn 6,0 meter, der det er trong for breiddeutviding.

Bjørhovde

Bjørhovde bru treng breiddeutviding for å bli brei nok til å få gul midtlinje. Målet er å breiddeutvida slik at det kan etablerast gul midtlinje, og vegen og brua får same breidde som samanhengande rv.15 i området. Det er gul midtlinje og gang- og sykkelveg på begge sider av brua. Brua står igjen som ein «flaskehals». Det er også problem med ising på brua og dårleg kurvatur på austsida av brua.

Stårheim

Stårheim bru treng breiddeutviding for å bli brei nok til å få gul midtlinje. Målet er å få breiddeutvida slik at gul midtlinje kan etablerast, og vegen får same breidde som samanhengande rv.15 i området. Det skal planleggast ny bru med gang- og sykkelveg.