Riksveg 15 mellom Otta og Måløy er ei svært viktig transportåre mellom Sunnmøre, Nordfjord og Sunnfjord mot Trøndelag og austlandet. Vegen frå Stryn mot Oppstryn vart bygd før 1900, og dagens veg følgjer framleis same trase. Vegen har mellom anna vore utvida i breidda, men parsellen Stryn aust–Rise bru var ei av få strekningar som ikkje har vore utbetra.

Den 1400 meter lange parsellen hadde låg standard med flaskehalsar, dårleg framkomst og ei vegbreidde på 5–6 meter. Etter utbetringa har det blitt 1400 meter ny riksveg 15, og 1200 meter gang- og sykkelveg, samt sidevegar, kryss, busslommar, avkøyrsler, gangbru og lysanlegg.