Vi har starta med reguleringsplan for ny gang- og sykkelveg frå Gvarv til Mannebru.

Målet for planarbeidet er å sikre tryggare ferdsel for mjuke trafikantar langs riksveg 36 mellom Gvarv og Bø. Det manglar 4 km gang- og sykkelveg for å få kontinuerlig gang- og sykkelveg frå Gvarv til Bø. Rv. 36 er ein trafikkert veg som gjer det utfordrande å ferdast for mjuke trafikantar. Planprosessen må avklare plassering av gang- og sykkelveg og utforming av kryssingspunkter over veg og jernbane. I forslag til handlingsprogram (NTP) er det avsett midlar for gjennomføring av planen i 2023–2024.