Artikkelen er fra 2018, og innholdet kan være utdatert.

Statens vegvesen er i gang med å utarbeide detaljreguleringsplan for ny gang- og sykkelveg mellom Gvarv og Mannebru. Aktuelt planområde vil liggje i både Sauherad og Bø kommunar. Vi ber med dette om innspel til planarbeidet.

Målet for planarbeidet er å sikre tryggare ferdsel for mjuke trafikantar langs riksveg 36 mellom Gvarv og Bø. Det manglar 4 km gang- og sykkelveg for å få kontinuerlig gang- og sykkelveg i frå Gvarv til Bø. Rv. 36 er ein trafikkert veg som gjer det utfordrande å ferdast for mjuke trafikantar. Planområdet

Planprosessen må avklare plassering av gang- og sykkelveg og utforming av kryssingspunkter over veg og jernbane. I forslag til handlingsprogram (NTP) er det avsett midlar for gjennomføring av planen i 2023- 2024. 

Det er gjennomført førehandskonferanse med Sauherad og Bø kommunar, og det er førebels konkludert med at planarbeidet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing (KU) iht. Plan-og bygningslova § 12-9. Dei tema som er omtala i Forskrift om konsekvensutgreiingar vil likefullt bli vurdert i samband med planprosessen.

Innspel

Vi ber om at eventuelle innspel eller andre relevante opplysningar til planarbeidet sendast til oss innan 28.09.2018. Send det til oss skriftleg anten med vanleg post til:

  • Statens vegvesen, region sør, Postboks 723 Stoa, 4808 Arendal eller med e-post til: .
  • Sauherad kommune, Idunsvoll 3, 3812 Akkerhaugen ()
  • Bø kommune, postboks 83, 3833 Bø i Telemark ().

Informasjonsmøte

Det vil blir gjennomført eit opent informasjonsmøte om planarbeidet på Brenna, Landbruketshus den 13. september kl 1800.

Når vi har utarbeidd eit utkast til reguleringsplan, kjem vi til å halde eit ope møte eller ein open kontordag der vi presenterer planutkastet. Planforslaget vil etter dette bli sluttført og sendt til Sauherad og Bø kommunar for vidare sakshandsaming. Det vil kome nærare informasjon om dette, sannsynlegvis i løpet av våren 2019.

Kontakt

Dersom de har spørsmål om planarbeidet, kan de også kontakte Pål H. Paulsen på telefon 902 27 038 eller e-post:

Dette varselet er sendt ut i samsvar med plan- og bygningslova § 12-8. Planen blirutarbeidd etter §§ 12-3 og 3-7. Det vil bli utført grunnundersøkingar i planområdet. Dette arbeidet er heimla i oreigningslova § 4.

Planområdet rv. 36 Gvarv-Mannebru
Planområdet rv. 36 Gvarv-Mannebru

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark