Stortinget vedtok i november 2018 at utbetringa av riksveg 36 frå Bø til Seljord kunne gjennomførast med bompengar.

Rv. 36 Bø–Seljord er del av eit større utbetringsprosjekt for fleire parsellar på rv. 36 og som skal fullfinansierast med  bompengeinnkrevjing.

Reguleringsplanen vart godkjend i 2014, og hausten 2018 vart planane noko endra.

Til saman er det tre kilometer av riksvegen langs Seljordsvatnet som er utbetra. Utbetringane har ei ramme på nær 300 millionar kroner, og vert finansiert med bompengar.

Entreprenør Hovden Hytteservice AS gjer jobben

Konkurransegrunnlaget vart sendt ut på nyåret 2019 og utbetringa starta hausten 2019. Hovden Hytteservice AS fekk kontrakten på nesten 122 millionar kroner inkludert meirverdiavgift.

Anleggsdrifta

Anleggsdrifta kom i gang september 2019. Det vart bygt ny veg på to strekningar langs Seljordsvatnet. Sett i retning frå Bø mot Seljord er det bygt ny veg på strekningen halvannan kilometer før Sanden camping ved Stodi. Den andre strekningen er Buktiparsellen etter campingplassen, der det òg er om lag halvannan kilometer veg som er bygd ny.

Det var mykje arbeid med sprenging på Buktiparsellen. Store fjellpallar ved vegen skulle sprengast vekk, og det kravde at vegen måtte stengast i periodar.

1. mai 2020 opna vegen etter å ha vore stengd sidan 6. januar. Personbilar måtte i stengetida køyre på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi. Tunge køyretøy måtte bruke E134 om Notodden og Hjartdal.

Stenging av vegen i byggeperioden var avgjerande for å halde god framdrift på prosjektet. 

Vegen vart opna 7. mai 2021.

Vei:
Rv. 36
Fase:
Åpnet
Kommuner:
Seljord
Fylker:
Telemark
Lengde:
3100 meter
Finansiering:
Bompenger
Totalkostnad:
291 millioner
Oppstart:
2019
Antatt åpnet:
Mai 2021

Oversiktskart som viser parsellane ved Stodi og Bukti som er regulert med vegutbetring. © NVDB, Geovekst, kommunene og Open Street Map contributors (utenfor Norge)

Kontakt Statens vegvesen

Prosjektkontor

Besøksadresse:
Århusmoen 8, 3840 Seljord

Kontakter

Tom Hedalen

Prosjektleiar
Telefon:
90 95 94 33
E-post:

Mariusz Ryszard Wozniak

Byggeleiar
Telefon:
93 84 93 55
E-post:

Samir Kolukcija

Kommunikasjonsrådgiver
Telefon:
90 10 38 66
E-post:

Sist oppdatert:

Gå videre