Artikkelen er fra 2019, og innholdet kan være utdatert.

Riksveg 36 blir stengd tre månader mindre etter at Statens vegvesen har gjennomgått prosjekta langs Seljordsvatnet på nytt.

Utgangspunktet for framdrifta av tunneloppgraderingsprosjektet  (TOG) og Rv. 36 Bø-Seljord har vore at rv. 36 må stengjast i to periodar kvar på sju månader. Ved å stramme kraftig inn og intensivere arbeidet klarer prosjekta å hente inn ein månad i 2019 og ytterlegare to månader i 2021. Dette gjer at stengjeperioden totalt blir redusert med tre månader frå 14 til 11 månader.

- Vi har stor forståing for at mange synest det er lang tid, samtidig er forholda slik at det er vanskeleg å gjere det på andre måtar. Verken tryggleiken til trafikantane eller anleggsarbeidarane er vi villige til å redusere på. Vi skal likevel klare å intensivere arbeidet slik at vi kan halde ope heile desember i år, seier avdelingsdirektør Tore Kaurin.

Vegvesenet er villig til å strekkje seg langt for å leggje forholda til rette, derfor er også sjølve vegprosjektet som skal byggje 3,1 kilometer ny veg, vurderte på nytt. Ei av atterhalda som er lagd til grunn er at vegen ikkje skal vere heilstengd i sommarhalvåret, slik at verken sommartrafikken eller arrangementa som blir avvikla i området blir rørt. Ved ny gjennomgang av framdriftsplanen er det bestemt at tida som vegen er stengd i det andre byggjeåret skal kuttast med to månader.  Vegen  vil då være stengd innanfor den same perioden 1. oktober- 30. april, men berre fem månader.

- Her har alle forsøk å redusere mest mogeleg på tida der vegen blir heilt stengd. Dette set ekstra krav til den entreprenøren som blir gitt kontrakten, men vi meiner no at vi kan klare å kutte frå sju til fem månader i den siste perioden.  Når innanfor perioden kan vi ikkje ta stilling til no, fortset avdelingsdirektøren.

Dei nye stengjetida blir derfor no:


20. september 2019 -30. november 2019

6. januar - 30.april 2020

Fem månader samanhengande innanfor 1. oktober 2020 til 1. mai 2021.

Til saman 11 elleve månader.

Aktuelt for fylke(r): Vestfold og Telemark