Stodiparsellen på riksveg 36 er no bygd ferdig og klar for trafikk 1. mai 2020. Stenging av riksvegen har vore avgjerande for å halda god framdrift på prosjektet.

– Me har halde god framdrift på anlegget i heile stengeperioden. Det ville ikkje vore mogleg å sprenga dei høge fjellskjeringane utan lengre stenging av vegen, seier prosjektleiar Tom Hedalen i Statens vegvesen.

Hovden Hytteservice AS som totalentreprenør har hatt 30–40 tilsette i drift på anlegget, og 2–4 boreriggar for å få bora og sprengd klar den nye veglinja. Dei har hatt god og tett dialog med dei fastbuande for å løysa trafikk til og frå eigedomane.

Det er fleire stader med dårleg og varierande fjellkvalitet langs Seljordvatnet. Det har derfor vore naudsynt med ekstra sprengning fleire stader på strekninga. Det har og vore naudsynt med dialog med grunneigare. Dei høge fjellskjeringane er grundig vurderte og det er sett i bolter og nett der det er naudsynt.

Det er grave ut 40.000 m2 lausmasser og tatt ut 155.000 m3 med fast fjell. 4.900 tonn asfalt på gamlevegen er fjerna, knust og gjenbruka på den nye vegen. Det er fylt ut i vatnet ved Bukti og lagt store vegfyllingar for å rette ut vegen. Det er produsera over 40.000 m3 med steinmateriale for vegbygging. Det er lagt ny høgspent langs vegen og diverse trekkerøyr og kummar til vårt elektriske anlegg samt til eigedomane langs vegen. Galmevegen er fjerna og det er laga tursti langs delar av vegen.

Koronasituasjonen

Situasjonen med smittefare har krevd omfattande smitteverntiltak og restriksjonar for arbeidstakarane med omsyn til inn- og utreise på anlegget. Kvar og ein har si eiga maskin og lastebil. Felles garderobe og eteplass vart stengd av. Entreprenør har køyrd ut mat til dei tilsette. Det vart kravd dispensjon frå kommunen for å halde drifta med mellom anna boring og sprengning i gang. Situasjonen har begrensa trafikk til hytteeigedomane i siste del av perioden.

Omkøyringsvegen har fungert

Omkøyringsveg fv. 328 Garvikstrondi har fungert. Det har vore nokre utfordringar med mykje telehiv og humpete veg. Køyretøy lengre enn 15 meter er viste til å køyre om E134 Notodden. Det vil bli utført oppgradering med ny asfalt på delar av vegen i sommar.

Vegarbeid i sommar

– Det vil gå føre seg noko vegarbeid på rv. 36 i sommar. Det vil bli nytta lysregulering på strekninga fram mot 15. juni og frå 20. august med unntak for veka med Dyrsku’n. Arbeid med ny rasteplass og toalettanlegg vil og halde fram i sommar, seier byggeleiar Trond Øygarden i Statens vegvesen.

Rv. 36 vil vera stengd att frå 1. desember 2020 og fram til vegåpninga 1. mai 2021.

Statens vegvesen er nøgd med det arbeidet som entreprenøren utfører. Vi har forståing for dei som er ramma av den stengde vegen.

rv. 36 Bø-Seljord vegarbeidTurveg fra Sanden camping til Stigfjellvegen vil gå på utsiden av ny veg. Foto: Hovden Hytteservice AS

Rv. 36_Bø-Seljord ny rasteplassNy rasteplass med toalettanlegg blir opparbeidet i løpet av 2020. Foto: Foto: Hovden Hytteservice AS