Mange høge fjellskjeringar, her fra Stodiparsellen. Foto: Jorun SætreMange høge fjellskjeringar, her fra Stodiparsellen. Foto: Jorun Sætre

Programmet for opninga av den 3,7 km lange strekka er klart.

Utbyggingsdirektøren i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, leier arrangementet, medan det er statssekretær Anders Tyvand i Samferdselsdepartementet som skal gjera den offisielle opninga og klippe snora.

Markeringa skjer på den nye Sjøormen rasteplass på rv. 36 på Stodi kl. 13.

Program

  • Velkomen ved utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik.
  • Taler.
  • Den nye rasteplassen har fått namnet Sjøormen rasteplass – det vert markert av ordførar i Seljord Beate Marie Dahl Eide.
  • Snorklipp ved statssekretær Anders Tyvand.
  • Enkel servering.
  • Kulturelt innslag ved Kjetil Flatland.
  • Avslutning ca. kl. 14.

Sjøormen rasteplass rv. 36 Bø-SeljordSjøormen rasteplass rv. 36 Bø-Seljord