- Vi oppmodar alle til å respektera skilting og sperringar på riksvegen. Omlegging av vegen og fjerning av rekkverk gir en farleg kombinasjon for bilistar inne i anleggsområdet, seier prosjektleiar Tom Hedalen. Han seiar vidare at arbeida går som planlagt og det vil vere full aktivitet på Buktiparsellen fram til opninga rundt 1. mai i år.

Fjellsikringsarbeida ved Bukti - Rv. 36 Bø-SeljordDet skjer store endringar dag for dag langsetter riksvegen. Det vert bora, sprengd og køyrt ut mange kubikk med stein på Buktiparsellen. Foto: Pål Engebretsen, Statens vegvesen

Entreprenør Hovden Hytteservice har ein arbeidsgjeng på om lag 35 mann i gong på strekninga. Det skjer store endringar dag for dag langsetter riksvegen på Bukti. Vegen er lagt om på steinfylling og vert nytta som anleggsveg for dei store maskinane som transporterer sprengd fjell.

Sidan 1. desember er det sprengd meir enn 20 salver. Fleire av salvene er på mange tusen kubikk, den største er på 7772 m3. Dette gjer at anleggstrafikken på vegen er omfattande.

Entreprenøren har god dialog med dei som bur nærast. Dei som har hus og hytte i området er oppmoda til å ta kontakt med entreprenøren.

Vegen held stengd fram til omkring 1. mai. Det er omkøyring for personbilar på vestsida av Seljordsvatnet, om Garvikstrondi.