Rv. 52 over Hemsedalsfjellet er ein viktig fjellovergang mellom aust og vest og er den kortaste ruta frå Oslo til Bergen. Grunna drivsnø er fjellovergangen ofte stengd eller open med kolonnekøyring. Målet med prosjektet er å redusera problema med drivsnø i vegbana og slik auka vinterregulariteten på fjellovergangen. I tillegg skal det etablerast ny kjettingplass nedanfor Breistølen, og det skal monterast ledelys for å lette framkomsten i mørke og snødrev.