Artikkelen er fra 2021, og innholdet kan være utdatert.

Heile sju firma har meldt interesse for å byggje ny Skjøiten bru på rv. 52 i Hemsedal.

Dei sju entreprenørane som har levert tilbod er:

Consto Anlegg Midt AS

Dokka Entreprenør AS

Hæhre Entreprenør AS

HAK Entreprenør AS

Mesta AS

Peab Anlegg AS

Røynstrand Entreprenør AS

Dagens bru er frå 1937. (Foto: Cecilie Schjøtt Høiholt)

 -No ser me gjennom oversendt dokumentasjon for å sjå om alle sju er kvalifisert. Dei tre best kvalifiserte vil bli invitert til å gi oss pris, fortel prosjektleiar Knut Erik Skogen i Statens vegvesen.

-Det er bra med sju interesserte entreprenørar for dette oppdraget som ligg på rv 52 vest for Tuv og består både av ei ny bru og utbetring av tilstøytande veg. Skjøiten bru er i dårleg forfatning og treng utskifting. Samtidig bidreg prosjektet til auka trafikktryggleik, framkome og vinterregularitet på austsida av Hemsedalsfjellet, seier Skogen.

Ny Skjøiten bru blir om lag 90 meter lang og skal byggjast vel 50 meter nedstrøms dagens bru. Brua er ein flaskehals på rv. 52 nokre kilometer vest for Tuv. Byggeleiar for prosjektet er Tone Bakken i Statens vegvesen.

Statens vegvesen planlegg byggestart etter påske 2021 med forventa opning sommaren 2022.

 

 

Nye Skjøiten bru blir om lag 90 meter lang. (Foto: Statens vegvesen)
Aktuelt for fylke(r): Viken