Reisande mellom Leikanger og Sogndal var vortne godt vane med byggjeaktivitet og periodar med lysregulering langs rv. 55, men i mai 2017 vart endeleg trafikklys og anleggsmaskiner rydda unna, og talarstolen sett fram.

Regionvegsjef Helge Eidsnes sto for snorklyppinga, flankert av vegavdelingsleiar Svenn Finden og ein entusiastisk ordførar i Sogndal kommune, Jarle Aarvoll. Lokale skule- og barnehageungar, som no går ein tryggare trafikk-kvardag i møte, bidrog med song og applaus.

Regionvegsjefen drog fram den historiske grunnen i talen sin, ein samlingsplass for folk i Fardal og på Ylvisåker i tidlegare tider. Før veg nummer 55 – som på strekninga Sogndal–Leikanger er riksveg, elles fylkesveg – vart opna i 1937, var det båten som gjaldt her. Sidan har trafikken auka jamt, i omfang og fart. No er det igjen mogleg å gå og sykle trygt forbi bygningar som ein gong romma meieri, smie, postkontor, telefonsentral, fruktkassebutikk og rutebåtkai.

Fardal ligg i eit typisk vestnorsk veglandskap, med til dels svært bratte bakkar ned mot Sognefjorden. Nokre stadar ligg vegen heilt i husveggen, elles svingar kan seg over sørvende skråningar dekte av eplehagar, i mai-skrud for anledninga. Her er det ikkje mykje plass å byggja på. Det måtte difor ein del gode og kreative løysingar, og ikkje so få kvadratmeter steinmur til, for å få gang- og sykkelvegen på plass. Eit driftsbygg, eit lite hus og eit naust måtte rivast.

Som del av prosjektet er det òg laga ny bru, med felt til gåande og syklande, og betre forbygging ved den flaumutsette Fardalselvi.