Reguleringsplanen skal leggje til rette for bygging av gang- og sykkelveg mellom krysset til Øvstedalen og krysset til Ylvisåker. Nokre avkøyrsler langs strekninga blir truleg samla. I tillegg trengs det areal til riggområde.

Området vert regulert i tråd med kommuneplanen. Vår vurdering er at konsekvensane av planen er så enkle og oversiktlege at konsekvensutgreiing (KU) ikkje er naudsynt. I samsvar med definisjonane i «Forskrift om konsekvensutredninger, FOR 2009-06-26 nr 855» råkar ikkje planen «særleg verdifullt landskap, naturmiljø, kulturminne eller kulturmiljø», og tiltaket fører ikkje til «større omdisponering av landbruksområde». Kommunen er samd i dette.

Ope møte

Det vert arrangert ope møte i samband med oppstart av planarbeidet kl. 1900 torsdag 20. juni 2013 i mediateket på Norane skule.

Innspel, opplysningar eller spørsmål om planarbeidet kan sendast til

Spørsmål kan og rettast direkte til

Grunneigarar vert varsla med brev.