Tysdag 8.mars var det tilbodsopning på regionvegkontoret på Leikanger. Totalt fem tilbod kom inn, og det skilde om lag fire millionar kroner mellom det høgaste og lågaste tilbodet.

- Vi er godt nøgde med talet på tilbod, og vi er glad for at det er stor interesse for ein jobb som har mykje å bety for lokalsamfunnet. No skal tilboda evaluerast og kontrollreknast før vi tek ei endeleg avgjerd, seier prosjektleiar Tone Anette Espe.

Arbeidet med bygging av 550 meter ny gang- og sykkelveg frå Kløvi til Njøs skal starte våren 2016. Veglysa på strekninga frå Njøsavegen til Kløvi skal også fornyast, og busstoppen ved Statens hus skal rustast opp.

Statens vegvesen samarbeider med Leikanger kommune og Sognekraft i dette prosjektet. I samband med bygginga av gang- og sykkelveg skal det kommunale vass- og avløpsanlegget fornyast, og Sognekraft skal legge ny høgspentkabel i felles kabelgrøft.

Anleggsarbeidet skal vere ferdig i løpet av desember 2016.

 

Tilbodssum

Tilbodssum ekskl. mva

Brødrene Lomheim AS

 

11.749.732

 

Magne Hafstad AS

 

14.879.534

 

Mesta AS

 

13.548.373

 

Fosse Maskin og Transport AS

 

13.059.902

 

Kveen AS

 

10.949.253

 

 

Frå rv. 55 mellom Kløvi og Njøs på Leikanger (Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen)Frå rv. 55 mellom Kløvi og Njøs på Leikanger (Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen)

Prosjektleiar Tone Anette Espe og byggeleiar Jørn Fosen Simonsen. (Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen)Prosjektleiar Tone Anette Espe og byggeleiar Jørn Fosen Simonsen. (Foto: Ole Kristian Åset, Statens vegvesen)