No er det slutt på å gå ute på vegskulderen for å kome seg fram.No er det slutt på å gå ute på vegskulderen for å kome seg fram.

Det var eit særs barnevenleg arrangement, då Statens vegvesen og Leikanger kommune markerte at den nye gang- og sykkelvegen frå Kløvi til Njøs står ferdig. Prosjektet til 15 millionar ligg berre eit par hundre meter aust for regionvegkontoret, og gir dei mjuke trafikantane 530 meter ny gangveg og tryggare tilgang til båthamna og eit bustadfelt lengst aust i kommunen.

- Her kan de gå trygt, utan å vere redde for bilane nede på riksvegen. Me er veldig glade for å ha med dykk ungar på markeringa vår, sidan det er de som skal nytta vegen no framover, sa leiar Eivind Yttri i Vegseksjon Sogn.

Ni gravemaskiner

Prosjektleiar Jens Ivar Nilsen fortalde ungane at det har vore ni gravemaskinar, fire lastebilar og 23 mann i arbeid på det meste, og dei har lagt opp fine natursteinsmurar opp mot hustomtar og landbruksjord på oppsida av vegen.

Varaordførar Trude Risnes i Leikanger var med for å klyppe snora, og ho gratulerte med den nye vegen.

- Dette er eit viktig tiltak for å gjere det trafikksikkert, og den nye gang- og sykkelvegen heng saman med eksisterande gang- og sykkelveg, slik at me kan gå og sykle trygt gjennom heile sentrum no, sa Risnes.

Trafikkvennen Tarkus

Mai månad er trafikksikkerheit på timeplanen for ungane i barnehagane i Leikanger, og Trygg Trafikk sine bøker om trafikkvennen Tarkus er ein del av det pedagogiske opplegget.

Overraskinga var difor stor då Tarkus dukka opp i full storleik i kantina hos vegvesenet. Ungane jubla og song, og fekk utdelt refleksfigurar, før det vart saft og bollar til alle.