Kommunedelplan for rv. 5 Erdal – Naustdal vart vedtatt av Sunnfjord kommunestyre 26. oktober 2023.

Kommunedelplanen var på høyring hausten 2022, merknadshandsaming vart gjennomført første halvår -23, og hausten -23 vart kommunedelplanen vedteken.

Kartskisse.
Oversikt over vedteken trase for ny rv. 5 mellom Erdal og Naustdal.

Vedteke alternativ E1 – N12 går med 6,7 km tunnel frå Smedneset ved Erdal til Jarane i Naustdal.
Strekninga er svært skredutsett og kommunedelplanen viser framtidig vegløysing som gir ein skredsikker, effektiv og trygg veg.

1,3 km kortare veg

Vedteke alternativ var det som gir mest att for investeringa, ved at ein får bygd ut heile strekninga mellom Smedneset og Naustdalstunnelen, og ein får utløyst positive gevinstar for m.a. trafikktryggleik, samfunnstryggleik og miljø i Naustdal. Tunnelen vil korte inn riksvegen med ca. 1,3 km, og løysinga vil gje mindre trafikk og eit rolegare bumiljø i Naustdal sentrum.

På Naustdals-sida kjem alternativ N12 ut ved garden Jarane, der det blir kryss og kollektivpunkt. Ny rv. 5 går så på ein bru over Nausta og svingar inn i Naustdalsstunnelen via ein ny innkøyring frå sør-aust.

Last ned plandokument:

Last ned kart og illustrasjonar

Last ned fagrapportar

Siktar mot byggestart i 2026

Vegprosjektet ligg inne i Nasjonal Transportplan 2022-2033, med oppstart i første periode. No når kommunedelplanen er vedtatt, følgjer 1-2 år arbeid med reguleringsplan for strekninga. Vidare skal store statlege investeringar som dette gjennom ekstern kvalitetsikring som tek ca. 1 år. Tilslutt ein kan gjere klar og lyse ut kontrakt på arbeidet. Målet er byggestart i slutten av 2026, og prosjektet vil ha rundt 5 års byggetid. Oppstart er avhengig av at det vert gitt løyvingar over statsbudsjettet.

Kontakt

Dersom de har spørsmål, kan de kontakte:

  • Statens vegvesen ved Magna Vangsnes, tlf. 57 65 58 53 / 95 19 19 63
  • Sunnfjord kommune ved Harald Eikenes, tlf. 57 81 61 25